Om Einrettogeinvrang

Einrettogeinvrang er ein liten nettbutikk som tilbyr ferdig strikka plagg.

Eg, Marit Hovdenak, er innehavar av butikken. Eg har i mange år hatt gleden av å strikke. Prosessen med å få dei ferdige produkta har, og er drivkrafta som gir meg masse skaparglede.

For meg er variasjon i strikk viktig. Bruk av ulike garn, ulike tjukkelse på strikkepinnen, variasjon med struktur og mønsterstrikk gjer min strikkeglede enda større. Dette vil nok vise igjen i utvalget i nettbutikken.

Einrettogeinvrang tilbyr produkt til deg som ikkje har anledning til å strikke sjølv, men som ønsker den gode følelsen som eit heimestrikka plagg kan gi mot kroppen. Eg bruker garn av god kvalitet, er opptatt av dyrevelferd i ullproduksjonen og bruker alltid mulesingsfri ull.